Malin Rygg
Malin Rygg og kollegaene hennar sjekkar opp om nettsida di i er universelt utforma. Er den ikkje det kan det verta dyrt.

Er ikkje nettsida di universelt utforma? No har kontrollane byrja

Du risikerer dagbøter om alt ikkje er på stell.

Publisert

Verksemder i offentleg sektor skal følge nye lovpålagde krav om universell utforming av IKT. Dei skal også publisere tilgjengelegheitserklæring på sine nettstader. Erklæringa viser om nettstaden følger krava.

Denne viser status for i kva grad verksemde følger krava om universell utforming av IKT og skal redusera digitalt utanforskap.

Dette er eit nytt krav for offentleg sektor i år.

I mars sendte Uu-tilsynet ut dei første pålegga om å opprette tilgjengelegheitserklæring.

Pålegga vart sendt til utvalde verksemder som ikkje hadde publisert erklæringar innan fristen 1. februar.

Dei fem utvalde var

  • Statens Havarikommisjon
  • Politiets sikkerhetstjeneste (PST)
  • Riksmekleren
  • Justervesenet
  • Øksnes kommune

Manglande erklæring vil kunne føre til sanksjonar frå tilsynet i form av dagmulkter.

Dei fekk frist til 12. april om å få på plass erklæringane sine, med varsel om dagbøter dersom denne fristen ikkje vart nådd.

Alle har no oppretta erklæring i uustatus.no og publisert, og tilsynet avsluttar derfor sakene.

– Vi er glade for at verksemdene har teke dette på alvor, og fått erklæringar på plass, seier Malin Rygg, tilsynsdirektør i Uu-tilsynet.

– Tilgjengelegheitserklæring er eit viktig steg i arbeidet som skal skje i offentlege verksemder for å sikre at dei digitale løysingane kan brukast av alle. Det er viktig at offentleg sektor digitaliserer på ein måte som inkluderer og ikkje skapar digitalt utanforskap,seier ho.

Tilsynet kjem til å halde fram med å følge opp verksemder som ikkje har dette på plass, og verksemder som er seint ute, må rekne med å få eit varsel i løpet av våren.

Powered by Labrador CMS