Dagfinn Nordbø reagerer på kvaliteten på norsk reklame. Han reagerer særleg på reklamar frå Onecall og Coop Extra og kallar dei lite kreative og meiner dei begge spelar på det han kallar for norsk reklamebransjes gullstandard dei siste åra; å drita ut ein middelaldrande norsk kvit mann. Redaktør i KOM24, Yngve Garen Svardal, svarar Nordbø i denne kommentaren.
– Det er ingen tvil om at det vert laga mykje dårleg reklame. Også i Noreg.

KOMMENTAR:

Middelaldrande menns uuthaldelege teitheit

«Berre for å klargjera ein ting med ein gong. Dagfinn Nordbø er ein middelaldrande, kvit mann. Det er eg og. Er det ei gruppa menneske det ikkje er synd i, så er det oss. », skriv redaktør Yngve Garen Svardak i denne kommentaren.

Publisert Sist oppdatert

I eit innlegg på vg.no før helga gjekk satirikar og forfattar Dagfinn Nordbø ut og kritiserte norsk reklame og reklamebransje.

Han reagerer særleg på reklamar frå Onecall og Coop Extra og kallar dei lite kreative og meiner dei begge spelar på det han kallar for norsk reklamebransjes gullstandard dei siste åra; å drita ut ein middelaldrande norsk kvit mann.

Nordbø meiner at ein aldri ville sett ei melaninrik 18-årig kvinne i ein slik reklame og at helvete vil vera laus om så skjedde. 

Berre for å klargjera ein ting med ein gong. Dagfinn Nordbø er ein middelaldrande, kvit mann. Det er eg og. Er det ei gruppa menneske det ikkje er synd i, så er det oss. 

Det er omtrent ingen gruppe menneske på planeten som er meir privilegerte enn middelaldrande, kvite menn frå Noreg. Så kvifor ein i det heile orkar å dra det kortet har eg aldri skjøna. 

Dette er timeprisen i dag

Nordbø skriv og at han har vore i reklamebransjen i halvanna tiår og peikar på at han veit kva timeprisen er og at reklamebyrå burde komma opp med noko betre enn desse reklamane. 

Han skriv vidare at reklamane er lite kreative og han kallar det ein konsekvens av billige brifar og uproffe og servile innkjøparar.

For dei som ikkje har sett reklamane så er OneCall-reklamane om ein mann som alltid jaktar rabattar, om han fyller bensin eller skiftar taket, for han har jo rabattar på mobilen. Coop Extra er dei to naboane som alltid kjempar om å gjera ting billigast mogleg, det einaste dei har til felles er kva butikk dei alltid gjer innkjøpa sine på.

Når det gjeld reklamane og timeprisane så er det veldig interessante tema å diskutera. 

Kreativt Forum la i fjor haust fram ein oversikt som viser at timeprisen i norsk reklamebransjen berre har auka med 178 kroner på 20 år. 

Snittprisen i bransjen ligg i dag på 1377 kroner, men burde lagt på 1950 kroner dersom den hadde følgt konsumprisindeksen.

Det betyr at det norske reklamefolk gjer vert mindre verdt for kvart år som går. 

– Et godt strategisk råd eller en god idé kan tilføre et selskap store verdier, og det er synd at dette leveres på billigsalg, sa strategisk leiar Per Kristian Voss Halvorsen i Ring 2 til KOM24 i fjor haust. 

Til samanlikning skriv TV 2 at timeprisar for å ha ein bil på verkstad fort ligg på 1500 – 2000 kroner timen, pluss moms og materiell. Byggsentralen skriv at timeprisen på ein elektrikar ligg på mellom 750 og 1600 kroner timen og ein røyrleggar kostar deg fort det same, skriv byggstart.no.

Når det gjeld kvaliteten på ein reklame så er det ofte subjektive meiningar om kva som er bra eller ikkje. Det er mogleg å skjøna kritikken mot antalet eksponeringar ein får på reklamane og det er lett å gå lei. Begge aktørane er blant landets klart største reklamekjøparar.

Og det er ingen tvil om at det vert laga mykje dårleg reklame. Også i Noreg. 

– Gullstandarden

Men faktum er at OneCall hadde to av tolv nominerte til Gullfisken i 2021 for nettopp desse reklamane Nordbø irriterte seg over og WAL og PHD vann i vinter Grand Prix under ANFO Effekt for deira reklamar som dei har laga for Coop Extra. 

Juryen skreiv i si grunngjeving at: 

– Årets totalvinner, eller «best in class 2022», er en vinner som kan fungere som forbilde for alle som jobber med markedsføring. Dette er skikkelig bra håndverk, heter det i juryens begrunnelse.

Som også legger til at dette er et case å bli inspirert av.

I eit intervju med KOM24 sa byråleiar Hermann Mueller Stormyr at testar viser at reklamane er mykje meir likt enn mislikt i befolkninga og lova at det kom til å komma fleire reklamar basert på det same universet. 

Så Nordbø må berre stålsetja seg for kva han har i vente. 

———————————————-

Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS