Hanne Gilje Sekse seier ho er nøgd med mottakinga deira nye teneste har fått, men skulle ynskt fleire tok den i bruk.

Så mange har tatt TRY Opt si nye teneste i bruk etter lanseringa

– Når me då kjem med ein slik moglegheit, hadde det fint om fleire walk the talk.

Publisert Sist oppdatert

– Det ferskaste kundecaset me har på bordet har vist ein formidabel auke på visningar og synlighet. Våre berekningar viser at mediet før fekk mellom 65-85 prosent av inntektene, no får dei alltid 93 prosent. For dei er det eit kjemperesultat og det betyr at dei får redusert kostnaden sin betrakteleg og får opptil 50 prosent fleire visnignar.

Det seier Hanne Gilje Sekse, Head of Digital i TRY Opt, til KOM24.

Pengar berre forsvinn

Som me skreiv om i fjor haust lanserte då TRY Opt og Adnuntius den nye annonseplattforma C∙ALT (se alt), som skal sørga for at ein større andel av annonseinvesteringane kjem fram til publisistane.

Årsaka til det er at dagens system for digitale og programmatiske annonsekjøp består av mange mellomledd, og store summar forsvinn på vegen frå annonsør til publisist. Sekse viser til ei undersøking gjort av PWC i Storbritannia, som prøvde å følga kvar krone i annonsekjøp. Ho seier at då var det 15 prosent av pengane ein ikkje kunne gjera greie for.

TRY har difor valt å sjå på korleis dei kan utfordra dette marknaden, og gje ein betre oversikt over hele verdikjeda og annonsekronene for kundane sine.

Etter eit halvt år med prøving, seier TRY Opt at dei er godt nøgde med resultata. Sekse peikar på at der det tidlegare var ein marknadskostnad på 20-25 prosent på tvers av kjøpar og seljar er ein no nede i sju prosent.

– Om dette er så bra, kvifor er ikkje dette gjort før?

– Det er eit godt spørsmål. Det er gjort nokre forsøk og det er starta tilsvarande prosjekt, mellom anna har det kommet individuelle forsøk utan at det har lukkast fordi det har vore avgrensa til enkelte aktørar.

– Full transparens

– Det har og vore ein ny type modell hos andre byrå, men slik me ser det er det ikkje ein rein nok modell i forhold til transparens. I tillegg er den lukka, ikkje open for alle, berre for visses selskap. Me har ein open invitasjon til alle, medium, annonsørar, byrå, you name it. Alle skal få same type behandling i ei slik plattform. Det er eit reinare og sunnare økosystem. Me har full transparens og verdikjede ein kan følga frå ende til ende i eit slikt system, seier ho.

Sekse peikar og på at datatryggleiken skal vera godt tatt vare på ved at alt er hjå ein aktør, då er det ingen potensielle lekkasjar til andre.

Men framleis går det treigt med å få seld seg inn hjå aktørane. Det er mange som er nysgjerrige og det er fleire som har testa systemet. Men det er førebels ikkje så mange som har lagt pengar i det.

– I januar sa eg at nokon i marknaden er treige som sit på gjerdet. Alle snakkar om samarbeid og full tranparans og å støtta norske mediehus. Når me då kjem med ein slik moglegheit, hadde det fint om fleire walk the talk og, seier Sekse som ikkje legg skjul på at ho tykkjer at folk har sutte litt lenge på gjerdet.

– Samstundes skjønar det og, då me er i oppstartsfasen, det har me vore ærlege på. Men det er hyggeleg å få så masse positive tilbakemeldingar frå dei som og vil utforska plattforma, seier ho.

Til no er det fem aktørar, i tillegg til TRY, som har tatt plattforma i bruk. No har dei planlagt å visa til eit faktisk case for å tydeleggjera alle besparelsane ein kan gjera og korleis C∙ALT kan hjelpa.

Jan Morten Drange i ANFO seier til KOM24 at bransjen har behov for transparente løysingar der kunden eller annonsørs pengar endar i det ein kan kalle «working media».

– Me opplever at C-Alt er transparente og at våre investeringar i større grad enn i andre produkt ender der de skal. Nemleg i media, seier han.

Naturleg skepsis

Samstundes meiner han forklaringa på at TRY opplever at aktørane er treige med å ta verktøyet i bruk skuldast mellom anna at alle mediebyråer har sine programmatiske plattformer og verktøy de gjerne sel til egne kundar.

– Sannsynlegvis og fordi desse er viktig for byråas inntening. At eit mediebyrå ønsker å styra sine eigne kundar til ei teneste initiert av eit anna mediebyrå som Try Opt er ei, i beste fall, ei ganske krevjande oppgåve, seier Drange som seier at både Try Opt, Adnuntius og plattforma C-Alt veit veldig godt at slik er naturlovene i denne bransjen.

– Det beste C- Alt kan gjera er å kontinuerleg dokumentera effekten av plattforma med dei kundane som prøver og slik skapa etterspørsel frå annonsørsida. Me i ANFO heiar på alle initiativ med fokus på transparens kor våre midlar endar der dei skal. I media! Me har også veldig sans for at C-Alt heilt frå starten har invitert både andre mediebyrå og media inn på eigarsida, seier han.

Powered by Labrador CMS