Programleiar og kommunikasjonsrådgjevar i Kreftforeningen, Sandra Kristiansen og produsent for Kreftforeningen, Birgitte Hoff Lysholm er mellom dei som står bak den nye podkasten frå Kreftforeningen.
Programleiar og kommunikasjonsrådgjevar i Kreftforeningen, Sandra Kristiansen og produsent for Kreftforeningen, Birgitte Hoff Lysholm er mellom dei som står bak den nye podkasten frå Kreftforeningen.

Kreftforeningen lanserer sin fyrste podkast

Får kjente menneske til å snakka om kreft.

Publisert Sist oppdatert

I K-ordet deler kjende menneske sine opplevingar med kreft tett på kroppen. Målet er å vise at kreft rammar alle uavhengig av samfunnslag, slik at lyttaren skal føle seg mindre einsam i sin situasjon.

Det skriv Kreftforeningen i ei pressemelding.

Grunnen til at dette skjer akkurat no, er at Kreftforeningen ser at stadig fleire personhistorier om kreft blir lagt bak betalingsmur. 

Dei skriv i pressemeldinga at det uroer Dei, spesielt når ein veit kor viktig det er å høyre andre sine historier for å kjenne seg mindre åleine.

I samtale med programleiar og kommunikasjonsrådgjevar i Kreftforeningen, Sandra Kristiansen, fortel dei om sorg, frykt og smerte, men også om styrke, håp og glede. Podkasten har fått namn etter tabuet som framleis finst rundt kreft, og frykta for ordet ingen vil høyre hos legen. 

Serien har premiere på torsdag, og i den første episoden får du møte Thomas Hylland Eriksen, ein av Noregs aller mest kjende professorar og sosialantropologar.

For sju år sidan fekk han ein kreftform som har en gjennomsnittleg levetid på seks måneder. Han veit at han aldri vil bli som før, men finn mykje glede i dei små tinga i livet.

I den andre premiere-episoden møter me influensar Marna Haugen. Ho fortel om korleis det er å få ein kreftdiagnose, ikkje berre ein, men to gonger. Og litt om korleis det har vore å finne kjærleiken på ny etter å ha vore alvorleg sjuk.

 I tillegg til Marna Haugen og Thomas Hylland Eriksen skal desse dele sine historier i «K-ordet»: 

  • 2. november: Komikar Trond Hanssen, kjent frå mellom anna Lompelandslaget.
  • 9. november: Tidlegare skihoppar Bjørn Einar Romøren og kona Martine Remsøy Romøren.
  • 16. november:. Systrene Selda og Nil Ekiz.
  • 23. november: Influensar Agnete Huseby.
  • 30. november: Influenser Ellen Aabol.

K-ordet er produsert av Gjenklang. Produsent for Kreftforeningen er Birgitte Hoff Lysholm og produsent for Gjenklang er Christian Konglund. 

Det vil bli publisert ein ny episode kvar torsdag fram til desember. 

For ordens skuld: Gjenklang leiger kontorplass og studio hjå Tjuefire som eig KOM24.

Powered by Labrador CMS