Til de som framleis driv på med det – skrot praksisen, er du snill.

MENINGER:

Fredagspressemeldingar som rømmingsveg

«Kommunikasjonsfolk har hatt rykte på seg for å sende ut pressemeldingar om vanskelege saker på fredagar. Håpar for all del at vi har skrota den strategien, om ikkje er det på høg tid», skriv Arne Eithun.

Publisert

Som journalist var eg overtydd om at kommunikasjonsfolk sitt viktigaste, og kanskje einaste oppdrag, var å hindre media i å utføre sitt arbeid. Spesielt når kontaktpersonar eg søkte ikkje var mogelege å få tak i, eller ikkje ynskte å uttale seg. Det skjedde opp til fleire gonger, og det var opp til fleire gjengangarar blant desse. Og enda meir spesielt vart det då svara endeleg kom – gjerne seint ein fredag ettermiddag, i form av ei pressemelding.

Snakk om perfekt timing frå «den andre sida»

Ikkje var det svar på det eg ynskte, og sanneleg hadde eg akkurat tatt helg i tillegg. Snakk om perfekt timing frå «den andre sida».

Eg fekk til ein viss grad stadfesta nokre av mine mistankar då eg etter kvart starta i kommunikasjonsbransjen. Det eksisterte nok ein liten uskriven regel om at dei gode sakene skulle vi ta ut på måndagar, når media er tom for idear og har blanke ark. Medan dei vanskelege sakene var best å sende ut seint på fredagar, då avisene allereie var gått i trykken og radiosendingane nærma seg slutten.

Det er ikkje gjort forsking på dette, reknar eg med, så difor er det vanskeleg å vite omfanget av denne strategien – om det i det heile kan kallast ein strategi. God er den i alle fall ikkje. Men at det skjedde, og framleis skjer til ein viss grad, trur eg vi berre skal erkjenne. Og til de som framleis driv på med det – skrot praksisen, er du snill. Du og den du representerer handlar då i strid med nesten alle prinsipp om kva som er god kommunikasjon.

Du bryt med prinsippet om å vere tilgjengeleg

Du bryt prinsippet om openheit

Du bryt ned tilliten

Du blir gjennomskoda og latterleggjort i redaksjonar

Og du bryt mest sannsynleg med din eigen magekjensle

Slik tenkte i alle fall eg, dei gongene eg gjorde det. Ja, eg har gjort det. Og det gjekk ikkje spesielt bra.

Lei tendens til å komma attende

Dei vanskelege sakene forsvinn ikkje sjølv om du sender ut ei pressemelding fredag ettermiddag, eller for den slags skuld natt til laurdag. Dei har ein lei tendens til å kome attende, og gjerne med større kraft enn første gong saka var oppe.

Omtale i media kan vere alt frå svært negativt til svært positivt. Sjølvsagt er det sistnemnde kategori som er mest tilfredsstillande for dei fleste å hamne i – men enkelte gonger handlar ikkje alle handlingar om ein direkte effekt der og då. Den handlar meir om omdøme i eit meir langsiktig perspektiv. Det inneber at vi av og til må svare på ubehagelege spørsmål, møte pågåande journalistar eller setje av ekstra tid til kommunikasjon. Også når det ikkje passar oss. Kanskje er vinsten at du på sikt blir oppfatta som ein rakrygga aktør som er tilgjengeleg, audmjuk og ærleg i saker der du sjølv helst skulle vore usynleg.

Det er slik eg i dag oppfattar at brorparten av bransjen opererer. Dessutan er det lenge sidan eg har høyrt snakk om fredagspressemeldinga som rømmingsveg. Eg tek det som eit godt vårteikn.

God helg, forresten!

———————————————-

Dette er et meningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS