Lustrabadet satsa på influensarar og fekk meir merksemd enn dei truleg såg føre seg.

Får kritikk for Sophie Elise-stunt – skal ha bada naken og røykt i offentleg basseng

Men ekspertar meiner Lustrabadet kan ha gjort noko lurt

Publisert Sist oppdatert

Lustrabadet i Indre Sogn ville ha meir merksemd og etter å ha hyra inn Sophie Elise har dei no fått oppslag i ei rekkje av landets største mediehus.

Årsaka er at Sophie Elise og venninnene Nora Haukland og Maria Wang Brandt skal ha røykt innandørs, drukke vin og bada nakne i bassenget i den vesle bygda.

Lokalbefolkninga raste mot stuntet og skal ha boikotta og vorte forbanna for at dei ikkje får gjera det same, skriv NRK.

Men ein PR-ekspert same kanal har snakka med trur likevel dette kan ha ein positiv effekt for Lustrabadet.

– Sjølv om det ikkje var ein spesielt klok avgjerd, kan Lustrabadet likevel ha «tent» på dette reint marknadsmessig, seier professor ved NHH, Helge Thorbjørnsen.

Han trur ikkje ein boikott vil gå utover den effekten.

I Lustrabadet er dei litt meir avmålte.

– Det vart ikkje den reklamen som vi såg for oss før besøket, seier dagleg leiar for Lustrabadet Kent Monsen.

Powered by Labrador CMS