Det har vore, og er framleis, tøffe tak å vera leiar i eit selskap under ein pandemi. Bente Kvam Kristoffersen fortel i dette intervjuet om kor viktig trening og fuglar har vore for ho gjennom koronaperioden.

Trigger-sjefen om koronaåra: – Å springa er som medisin

Bente Kvam Kristoffersen fortel i dette joleintervjuet om korleis trening har fungert som terapi for ho under koronakrisa.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Mjukporno og røykelov.

Det er dei blant dei to fyrste treffa om du søker på Bente Kvam Kristoffersen i Retriever, avisarkivet som samlar dei fleste artiklar som er skriven i norske aviser gjennom ei årrekkje.

Og nett mjukporno og tobakk er kanskje symbol på kor mykje ulikt ein jobbar med i norsk marknadsførings og kommunikasjonsbransje. Bente Kvam Kristoffersen har gjennom åra jobba med det meste, frå å marknadsføra Cupido til å få unge i Oslo til å ta koronavaksinen.

– Sløkte lysa på flyplassen

No er ho byråsjef og har dei siste to åra vore gjennom leiarutfordringar som ingen kunne føresjå med eit virus som herjar med ei heil verd og som stiller store krav til dei som har leiarposisjonar i bransjen.

Og ho legg ikkje skjul på at det har vore krevjande tider. Sjølv var ho i Italia rett før Noreg stengde ned og reiste heim den 11. mars

– Eg sløkte lysa på den flyplassen. Me vart nærast jaga inn på flyplassen av politiet, fortel ho.

I dagane før sat ho og mannen og såg på nyheitene i Italia.

– Då sa eg at no må me heim att og stenga kontoret, det er eg sikker på at det er det eg skal heim og gjera no. Då eg såg kor redde italienarane var og kor lei seg dei var då me sjekka ut av hotellet, då var eg sikker på at dette er so alvorleg at me ikkje skjønte det, fortel ho.

Og ho fekk truleg meir rett enn ho visste. Sidan då har det vore kriseleiing kontinuerleg i nesten to år.

– Frå eit fagleg perspektiv har det vore ei vanvettig reise og me har nok fått prøvd oss på nesten alt. Jobb nummer ein for oss har vore å halda alle i arbeid, sikra at folk ikkje har vorte sjuke, fortel ho.

Å vera leiar for 40 tilsette i krisetider er ein krevande jobb og ho har brukt trening som terapi.

– For min del, det å vera ute i naturen og springa eller gå skiturar, det er bra medisin. Då løyser du alt, seier ho og ler.

– Eg trur dei treningsturane har vore utruleg viktig for å reinska hovudet. Det har vore mange avgjerder du har måtta ta kvar dag og når det er skikkeleg alvor må du halda folk oppdatert heile tida, seier ho.

Fugledama

Ho fortel at ho vart inspirert av regjeringas pressekonferansar då Erna Solberg stod ved roret.

– Ein må berre seia det som det er, hald folk oppdatert. Du kommuniserer veldig mykje når du ikkje kommuniserer, då skapar du masse usikkerheit og du må ikkje verta usikker når heile verda er kaos. Då er det eit par ting som må vera heilt bombesikre.

Men på treningsturane får ho og dyrka sin andre store lidenskap, fuglar.

Frå då ho var 10-11 år gammal og ikkje fekk hund, har fuglar vore ein lidenskap.

Interessa vart vekt då ho som erstatning for hund, som ho aldri fekk, fekk ein undulat.

Og sidan har ho hatt ei rekkje av sorten. No har ho to stykk og ein eigen instagram-profil med 1500 følgarar til den eine.

Når det er heimekontor har kundar og tilsette fått stifta kjennskap med dei, då dei fyk rundt i huset og gjerne forbi webkameraet.

Ho er sopass ivrig at ho er med i ei ornitologisk foreining og deltek på fugletellingar. Ho har og brukt ferien sin med familien for å reisa til Nord-Norge for å sjå ørn.

– Når du er på joggetur og ser ein flott fugl, stoppar du og tek bilete då?

– Hehe, ja.

– Så telefonen din er full av bilete av ungar og fuglar?

– Det er mest fuglar

– Kva er favorittfuglen din då?

– Det er mange som er favoritten. Det er jo som med ungane, ein skal ikkje gjera forskjell. Men eg likar svalen. Svalene er gode flygarar, seier ho.

Men svalen slost med svarttrosten om å vera favoritten.

– Dei lagar ein fantastisk lyd når dei skal hekka, då veit du det er vår, seier ho.

Som for mange andre var det tilfelle som førte ho inn i kommunikasjonsbransjen. Eigentleg er ho utdanna statsvitar og hadde lyst til å studera vidare, men ho fann ut at ho kunne ikkje ta meir i studielån.

Men draumen om å komma inn i bransjen var der, so ho fekk seg jobb som seljar på eit trykkeri. Men det var ikkje nok. Ho ville vidare inn i bransjen.

Men då, som no, var ein avhengig av å kjenna nokon. Det gjorde ho ikkje.

Då la ho ein plan.

– Far min trudde eg var gal

Ho fekk lov av trykkeriet å ta eit prosjektleiarkurs. Då ho hadde meldt seg på sjekka ho deltakarlista og såg raskt at det var to stykk som jobba i byrå der. Dei vart ho kjent med.

Og planen lønte seg.

For eit halvt års tid seinare fekk ho ein telefon om at dei trong ein vikar i ei stilling.

Det var McCann som ringde og Bente sa opp ein fast jobb for å ta vikariatet.

– Då trudde far min at eg var vorten gal, fortel ho.

Men ho hadde bestemt seg og ho var bestemt på å gjera ein god jobb.

– Det var heilt fantastiske folk der, dei var so flinke. Då skjønte eg at eg var komen på heilt rett plass, eg berre sugde til meg alt eg kunne, fortel ho

Det var byrjinga på ein karriere som tok frå å jobba med DM i JBR Signatur, via Leo Burnett, Kitchen, TRY, DDB, Vizeum og til sist til Trigger kor ho no har vore i snart ni år.

Som leiar likar ho å skildra seg som tydeleg og direkte. Frå utsida kan ho verka som ei svært koseleg dama, men ho kan og vera bestemt.

Ho er motstandar av å pakka ting inn.

– Eg har mykje temperatur, eg er engasjert og eg likar å seia frå og eg er ærleg på kva eg meiner, seier ho.

Ho seier at ho likar å jobba med folk og at det vert ikkje betre om det du har å seia vert pakka inn.

– Men du skal seia det på ein rettferdig måte. Om du skal kommunisera noko må du seia frå så det vert tydeleg. Samstundes må du jo ikkje vera so hard at folk mister motet. Det er ein balanse der, seier ho.

Det må ikkje vera noko tvil, både når det går bra og det går dårleg so skal ikkje folk tvila på tilbakemeldingane, seier ho.

Det er dei færraste av oss som likar å ta i mot ei tilbakemelding som er negativ, men ho meiner at om du er sakleg kan du seia nesten kva som helst. Men det handlar om form, seier ho.

Bente Kvam Kristoffersen seier at innanfor Trigger brukar dei kvarandre ganske bevisst her. Ho skildrar seg sjølv som kjapp i takten og utolmodig. Då har ho ein god kollega ho sparrar med.

– Vekk med hjarta seier eg då

– Eg seier eg skal ut med ein kjapp mail her, kva tenkjer du? Då kjem det frå ho at eg kan godt hiva på eit par hjarter bak her. Det kan vera lurt. So no har eg øvd meg på det, so no er eg vorte betre på det!, fortel ho og ler og legg til at det har vore behov for mykje kommunikasjon under koronaen, då er det å få litt hjelp ein bra ting.

– Føler du det har hjelpt deg?

–Ja, det hjelper masse. Eg kan vera litt utolmodig. Men eg er vorten meir bevist, seier ho og held fram:

– Me har hatt litt vanskeleg kommunikasjon, det har vore nokre tøffe tak. Då har me snakka om korleis me best kan kommunisera. Det er ikkje sånn at eg ikkje klarar å skriva dei mailane eller førebu samtalane, men eg tenkjer at det av og til kan vera litt lurt å la nokon som er litt annleis enn deg sjølv gje hjelp til kalibrering. Det er det kollegaen min har gjort og fortsatt gjer.

–Så du hjelper ho og?

Ja! Vekk med hjarta seier eg då. «Det er ikkje sikkert du treng så masse hjarter og så masse tekst, so du kan godt skrella av». Me hjelper kvarandre. Men det oppmodar eg folk til og, det å bruka kvarandre som «motvind», seier ho.

– Me er opptatt av at me skal ligga i front, me skal tenka nytt og utfordra oss sjølv, kundane og bransjen om korleis me jobbar med kommunikasjon, seier Kvam Kristoffersen.

Dei snart ni åra ho har vore i Trigger er det lengste Bente har vore nokon arbeidsplass og gjennom åra har ho hatt ei rekkje ulike roller. Og ho bedyrar at ho på langt nær er ferdig med byrået.

– Eg er ikkje ferdig med Trigger. Eg har fått vera med på å bygga opp att byrået. Det er lenge sidan me har vore så gode som me er no. Eg meiner me har funnet toppforma, seier ho og fortel at ho er stolt over kva dei har fått til gjennom turbulente korona-år.

– Det motiverer meg, så eg er ikkje ferdig. Eg vert ikkje sliten av å vera på jobb, det gjev energi, seier ho.

– Korleis skal du dra det vidare?

– Me jobbar med korleis me skal utvikla faget vårt. Me er opptatt av at me skal ligga i front, me skal tenka nytt og utfordra oss sjølv, kundane og bransjen om korleis me jobbar med kommunikasjon. Men skal eg utvikla Trigger må eg høyra kva tilsette og kundar tenkjer om kva me skal få til vidare.

Oppkjøp er ikkje ein del av dei tankane. Trigger er eit av få byrå som ikkje er eigd av andre. Det gjev styret og eigarar moglegheit til å stå fritt til å utvikla det vidare som dei vil sjølv.

– Me får førespurnader jamleg. Men me har fokus på samarbeid og alliansar. Når det er sagt veit ein aldri kva som skjer i framtida. Men det er ikkje ein del av strategien å verta seld, sluttar ho.

Powered by Labrador CMS