Google lagde logoen sin i regnbuefarger under OL i Sotchi i 2014.

MENINGER:

Målretting på ville vegar

«Vil Google at eg skal skamme meg sånn over at eg har ei funksjonsnedsetjing at eg ikkje kan tole annonsar som har noko med det å gjere?», skriv Mone Celin Skrede.

Publisert

Målretta annonsering basert på informasjon frå dei som har vore inne på ein nettstad, er no blitt så vanleg at det å trykkje «ja» eller «nei» på boksen om å akseptere informasjonskapslar nesten går automatisk. Litt som å vifte bort den irriterande veslebroren som står rett framfor TV-skjermen og nektar å flytte seg.

Då har vi som nyttar denne informasjonen sjølvsagt eit ansvar for at det vi nyttar han til, ikkje på nokon måte er skadeleg, plagsamt eller ulovleg. Difor har gigantaktørar som Meta og Google retningsliner for kva slags innhald ein kan nytte i målretta annonsering, og difor er handsaming av personopplysningar på nett også nedfelt i lovverket.

Personlege vanskar, for kven?

Det er likevel ikkje første gong at algoritmestyringa til teknologigigantane har fått rare utfall. Då kommunikasjonsteamet eg er ein del av skulle setje opp annonser for å promotere virket til organisasjonen – å kjempe for likestilling, menneskerettar og betre BPA og levevilkår for funksjonshemma i Noreg – støytte vi på ein autoritær peikefinger frå Google.

Vi fekk ikkje lov til å nytte remarketingfunksjonen til å målrette annonsar mot dei som hadde vore inne på nettsidene våre. Først fniste eg, og tenkte at det sjølvsagt måtte vere ein feil i algoritmen. Men svaret som viste til annonseretningslinene frå Google, fekk bryna mine til først å trekkje seg kraftig mot kvarandre, og så krype opp i hårfestet:

«Vi forstår at brukerne ikke vil se annonser som spiller på personlige vansker eller problemer de opplever eller har opplevd».

Ein får ikkje målrette annonsar mot personar som har det Google har definert som «personlege helseproblem», og i alle fall ikkje når det vi promoterer har noko med dette å gjere.

Herunder kjem «nedsatt funksjonsevne, også når innholdet er rettet mot en brukers pleier eller omsorgsperson». Ein organisasjon som jobbar for å styrke funksjonshemma sin posisjon i samfunnet, får altså ikkje lov til å målrette annonsar mot dei som alt har oppsøkt sidene våre, og som kan ha nytte av virket vårt.

Å sy skam under armane på nokon

Då lurer eg på: Kva rett har google til å bestemme på vegner av alle funksjonshemma, at det å ha ein funksjonsvariasjon er eit personleg problem?

Særskilt når vi veit at funksjonsnedsetjing ikkje handlar om avvik ved individet, men heller skjer som ein konsekvens av at samfunnet ikkje inkluderer, stiller krav til, eller i stor nok grad gjer det mogleg for funksjonshemma å delta.

Vil Google at eg skal skamme meg sånn over at eg har ei funksjonsnedsetjing at eg ikkje kan tole annonsar som har noko med det å gjere? Eller trur Google at funksjonshemma rett og slett er for sårbare til å handtere annonsar som handlar om oss og det å ha ei funksjonsnedsetjing?

Digitalt overformynderi?

I ei digital verd har representasjon mykje å seie. Funksjonshemma er alt underrepresentert på dei aller fleste områda av samfunnet; i utdanning, arbeidsliv, i det offentlege, i styre og stell, kultur og underhaldning. Vi er nesten usynlege, det same med diskrimineringa vi møter.

Berøringsangst er eit mykje større problem enn at vi blir bombardert med informasjon om oss sjølv. Då hjelper det ikkje at ein teknologigigant som Google bestemmer på vegner av oss at vi er for skjøre til å handtere saker og tilbod som faktisk kan vere relevante for oss.

Forstå meg rett, det er bra at Google vil gjere det vanskeleg for dei som nyttar tenestene å målrette villeiande og i verste fall skadeleg informasjon mot ei gruppe som alt blir diskriminert.

Men for å setje det litt på spissen: Har Google engasjert ei gruppe funksjonshemma til å vere med på utforminga av retningslinene sine, slik at funksjonshemma sjølv kan definere kva slags innhald som er nyttig for oss? Eg er litt i tvil.

Speglar fordomsfulle menneske

At handteringa til Google og andre algoritmestyrte tenester kan vere problematiske, er som sagt ikkje nytt. Twitter sine algoritmar er blitt skulda for å vere høgrevridde og rasistiske. Amazon oppdaga sjølv at algoritmane deira diskriminerte kvinner. Og for nokre veker sidan skreiv Aftenposten at maskinane vidarefører fordommane frå menneska, eller døma, dei lærer av.

Kan ein då unngå at fordommane berre sirkulerer rundt sin eigen akse, både digitalt og i røynda? Anne Siri Bekkelund påpeiker til Aftenposten at ettersom algoritmar no finst i alt frå annonsar til sakshandsaming, kan ein ikkje vite om ein kvar algoritme faktisk diskriminerer. Men vi veit at menneske gjer det. Lat oss starte der.

———————————————-

Dette er et meningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS