Den nye KOM24-redaksjonen med Isak Egge Brønseth, Yngve Garen Svardal og Ellen Høiby.
Den nye KOM24-redaksjonen med Isak Egge Brønseth, Yngve Garen Svardal og Ellen Høiby.

Styrkar KOM24: Det forventar eg at våre lesarar vil merka etter kvart

«Det er ikkje alt ein rekk over. Men eg dristar meg likevel til å lova at KOM24 skal verta enno betre i framtida», skriv KOM24-redaktør Yngve Garen Svardal i denne kommentaren.

Publisert

KOM24 går raskt mot sin treårsdag. 

Det var den 20. november 2020 me gjekk live fyrste gongen. Noreg var stengt ned grunna eit virus frå Kina og mange bedrifter hadde nok med å overleva. Men Tjuefire-konsernet hadde stor tru på at det var plass til ei ny nettavis som skulle fokusera på kommunikasjon og marknadsføring. 

Det er to relativt store bransjar i Noreg, men med berre ei anna avis som skreiv om bransjen på fast basis var det eit moglegheitsrom der som me har utnytta.

Fasiten er at tusenvis av bransjefolk les sakene frå KOM24 kvar dag og me har passert fire millionar sidevisningar for lenge sidan. 

Måten me er vorten tatt i mot i marknaden på av både lesarar og konkurrentar stadfesta at det var plass til oss der ute.

I oktober i fjor innførte me brukarbetaling for deler av stoffet vårt og eg skal vera heilt ærlege på at me var svært spente på reaksjonen i marknaden. 

Me sette oss eit veldig forsiktig mål for kor me ville vera til jol. Men dei måla måtte me kasta ut glaset alt etter fjorten dagar. Det var litt av ei letting!

Sidan har me fortsett med å veksa jamt og trutt og me nærmar oss no 700 abonnentar!

For å sitera min redaktørkollega i Medier24: Wow, bare wow! 

Men alt er jo sjølvsagt ikkje berre fryd og gammen. 

Det er stadig me ser saker i andre aviser me skulle hatt fyrst, me opplever kjelder som alltid går til andre aviser før dei kjem til oss, det er ting me ikkje rekk over for kapasiteten er for liten, av og til manglar me rett og slett bransjekunnskapen for å sjå at dette er ei sak eller at her kunne me løyst saker annleis og betre. 

Men slik er livet. Det er ikkje alt ein rekk over.

Men eg dristar meg likevel til å lova at KOM24 skal verta enno betre i tida framover.

Det er naturlegvis noko ein kvar redaktør skriv og seier om si eiga avis, men faktum er at me no har auka redaksjonen frå to til tre stillingar. 

Det forventar eg at våre lesarar vil merka etter kvart. 

Me har fått inn to ferske, men svært talentfulle journalistar som no skal bruka litt tid på å verta kjend med bransjen og etter kvart vil det komma fleire og betre saker frå Ellen og Isak.

Isak er nettopp ferdig med journalistutdanninga si frå OsloMet og har erfaring frå VG og Dagsavisen i tillegg til alle dei tre nettavisene i Tjuefirekonsernet, medan Ellen kjem med erfaring frå både Se og Hør og Elle. 

I tillegg har me jo Kristine som er vår debattansvarleg og Martin som er frontansvarleg hjå oss. Så det er eit sterkt team me har no!

For KOM24 er det viktig å vera ute og møta bransjen. Difor er me ute så mykje som me kan og møter folk i Oslo, der det trass alt jobbar flest i bransjane me dekker. 

Men det siste året har me og vore på Hamar, i Arendal, Bergen, Stavanger, Haugesund, Trondheim, Frankfurt og Cannes. Dette for å komma nær bransjen og for å levera gode saker for lesarane våre.

Men for å kunne laga best mogleg journalistikk om det som skjer innan kommunikasjon og marknadsføring er me avhengige av gode tips frå dykk som les oss! 

Sjølv om du trur me veit om det du tenkjer på, gje oss ein lyd heller ein gong for mykje enn ein gong for sjeldan.

Send ein av oss ei melding på messenger, send oss ein SMS, mail, ring oss eller huk tak i oss om du ser oss ute på ein jobb.

Kanskje me snakkast i Arendal?

———————————————-

Dette er et meiningsinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS