Korleis gjer eigentleg Norge det samanlikna med sine nordiske naboar i Cannes?

KOMMENTAR:

Den nordiske kampen om løvene: Er Norge ei kreativ sinke?

«Med berre sju shortlists i Cannes, står ikkje jubelen i taket i den norske kreative industrien. Men korleis gjer me det eigentleg på den internasjonale scena?», spør KOM24-redaktør Yngve Garen Svardal.

Publisert Sist oppdatert

Me er kome til onsdag og alle vinnarsjansane i Cannes Lions er delt ut.

For Noregs del stoppet det på sju plassar på shortlist og førebels berre ei bronseløve, som gjekk til TRY Reklame. Framleis har byrå-veslesøster Pol ein vinnarsjanse i Film-klassen. Om dei faktisk når opp får me veta på fredag. 

Men er sju shortlistplassar noko å gråta over for Norge?

Ja, me veit bransjen er inne i ei krise både økonomisk og kreativt. Men om me ser historisk på det, korleis skil årets Cannes Lion seg ut med dei førre?

Dette er Norges farge

I 2023 stoppa det på heile 29 vinnarsjansar for Norge og me reiste heim med fire løver, ei i gull, ei i sølv og to i bronse.

Året før vart det 25 shortlistplassar og tre løver og 2021-festivalen var ein koronafestival som samla to år og der fikk me med oss tolv shortlistplassar og tre bronseløver.

KOM24 har tal tilbake til år 2000, og 2024 peikar seg ut som det svakaste løve-året sidan 2005, då TRY fekk med seg ei bronseløve for ein jobb for Color Line.

Året etter slo Norge kraftig tilbake og sikra seg ti løver. 

2009 var heller ikkje eit kjempeår for Norge då det stoppa på to løver, ei i sølv og ei i bronse.

Og ser me historisk på det er det bronse som er våre fargar. 

Av de totalt 123 løvene me har henta heim sidan år 2000, er 79 av dei i bronse. 

26 er sølv, 15 er gull og me har og samla med oss heile tre Grand Prix. 

Det betyr at ei gulløva kjem til Noreg i snitt annakvart år, mens me normalt sett tek med oss tre bronseløver og ei sølvløva årleg. 

Så ja, årets festival er dårlegare enn kva me er van med.

Slik gjer me det mot Norden

Men kor dårleg er det om me samanliknar med våre naboland?

Oversikta frå Cannes viser at det er me som sender inn klart færrast bidrag til årets konkurranse frå Norden, sett bort frå vesle Island.

Der me stoppa på 81 bidrag i år, som er ned frå 119 året før, har finnane sendt inn 152 bidrag, danskane 188 og svenskane 308.

Men det er berre tal. Kva får man igjen for det?

Der kjem svenskane best ut av det med 9,5 innsende bidrag for kvar shortlistplass, med sine 32 shortlistplassar. 

Men samanlikna med danskane og finnane er me helt på linje.

Dei har fått høvesvis 16 og 13 shortlist i år for sine 340 innsende bidrag. Det gir dei begge et snitt på 11,7 innsende bidrag per shortlistplass. Det er nøyaktig på nivå med Norge som har 11,5 innsende bidrag per shortlistplass. 

Kryssar fingrane for Pol

Island har på si side sendt inn åtte bidrag, fått to shortlistplassar og har til noå sikra seg ei bronseløve. Dei har framleis ei vinnarsjanse igjen.

Til no har Sverige sikra seg fem løver og finnane to. Danskane har så langt gått tomhendte heim frå prisutdelingane. 

Men denne kommentaren vert skriven onsdag føremiddag og det er fortsatt tre dagar igjen og 17 kategoriar det skal delast ut prisar i, så dette kan endra seg kraftig for tre av våre naboland.

Noreg må kryssa det dei har og håpa at Pol kan sikra oss ei løva til.

———————————————-

Dette er eit meiningsinnlegg, og gjev uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skriva i KOM24? Send ditt innlegg til meninger@kom24.no.

Powered by Labrador CMS